Leiande helsesjukepleiar/ helsesjukepleiar – 100% fast stilling – 2. gongs utlysing

Askvoll kommune
    Published
    2024-06-03
    Location
    Askvoll, Norway
    Category
    Job Type

    Description

    Askvoll kommune Helse

    Er du helsesjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.

    Leiande helsesjukepleiar/ helsesjukepleiar - 100% fast stilling - 2. gongs utlysing

    I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

    Helsestasjonen i Askvoll kommune inneheld jordmorteneste og helsestasjon for barn og ungdom, skulehelseteneste og helsestasjonsteneste for flyktningar. Helsestasjonen legg vekt på tidleg innsats, der fleire tenester og faggrupper jobbar saman for å nå felles mål.

    Leiande helsesjukepleiar er fagleg leiar for helsestasjonsarbeidet. Arbeidsområdet vil vere arbeid knytt til barn- og unge ved helsestasjonen og i skulehelsetenesta, i tråd med Nasjonalfaglege retningsliner for Helsestasjons- og skulehelsetenesta.

    Helsestasjonen er lokalisert i fine lokalar i sentrum av Askvoll, i tilknyting til Askvoll legesenter.

    Ved interne søkarar til leiande helsesjukepleiar kan det bli ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar.

    Arbeidsoppgåver:

    • Helsefremmande og førebyggande oppgåver i samsvar med nasjonalfaglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
    • Helsestasjonskontrollar av barn i aldersgruppa 0-5 år, gjennomføring og oppfølging av barnevaksinasjonsprogrammet
    • Skulehelseteneste, med oppfølging av elever individuelt og undervisning i grupper/ klassar
    • Helsestasjon for ungdom
    • Flyktninghelseteneste
    • Tverrfagleg samarbeid
    • Plan og systemarbeid

    Kvalifikasjonar:

    • Autorisasjon som helsesjukepleiar
    • Sjukepleiar under utdanning til helsesjukepleiar og sjukepleiar med relevant vidareutdanning kan tilsettast midlertidig
    • Ynskjeleg med erfaring frå helsestasjon og eller skulehelsetenesta
    • Ynskjeleg med erfaring med foreldrerettleiing
    • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
    • Den som blir tilsett må ha førarkort
    • Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

    Personlege eigenskapar:

    • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
    • Er sjølvstendig, positiv, fleksibel og fagleg engasjert
    • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
    • Like utfordringar og er løysingsorientert
    • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
    • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

    Vi tilbyr:

    • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
    • Noko kveldsarbeid kan førekomme i samband med deltaking på foreldre møter
    • Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for helsesjukepleiar
    • Lønn etter KS tariff og lokal lønsstige
    • Pensjonsordning i KLP
    • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

    Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
    Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

    Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

     

    Bruk
    Drop files here browse files ...

    Related Jobs

    Leiande helsesjukepleiar/ helsesjukepleiar – 100% fast stilling – 2. gongs utlysing
    Rull til toppen
    Are you sure you want to delete this file?
    /