Sjukepleiar

Austevoll kommune
    Published
    2024-04-16
    Location
    Austevoll, Norway
    Category
    Job Type

    Description

    Austevoll pleie og omsorgssenter har ledig fast sjukepleiarstilling i 80%.I tett samarbeid med engasjerte kollegaer vil du bidra til fremme tverrfagleg samhandling. Som sjukepleiar vil du vere med på å gje beboerne pleie og omsorg og sikre kvalitet og effektivitet i behandlinga. Vi søker ein engasjert og offentleg godkjent sjukepleiar med ein genuin interesse for menneskjer. 

    Ansvars- og arbeidsoppgåver

    • Oppgåvene vil vera varierte, der pleie og medisinsk behandling/oppfølging til bebuarane vil vera nokre av hovudoppgåvene.
    • Stillinga er på natt i turnus med mogelegheit for å jobbe langvakt 4. kvar helg.

    Kvalifikasjonskrav

    Formelle kvalifikasjonskrav:

    • Off. godkjent sjukepleiar
    • Gyldig politiattest

    Personlege eigenskapar:

    • Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
    • Sjukepleier ved Austevoll P. O Senter samarbeider tett med sjukepleiarane i heimetenesta, og ein deltek i felles vaktordning.
    • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, og vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.

    Vi tilbyr

    • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
    • Spanande utfordringar
    • Løn etter kvalifikasjonar
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Slik søkjer duSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

    Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

    Det er og mogeleg å sende mail med søknad til anne.marie.njastad@austevoll.kommune.no eller Kjersti.soderberg@austevoll.kommune.no

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

    Om arbeidsgiveren

    Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!
    Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

    Bruk
    Drop files here browse files ...
    Sjukepleiar
    Rull til toppen
    Are you sure you want to delete this file?
    /