Sjukepleiar – Kviteseid omsorgssenter, rekrutteringsbonus – 75 000 kr

Kviteseid kommune
Published
2020-12-07
Location
Telemark, Norway
Job Type

Description

Kviteseid er ei koseleg bygd med ca 2.500 innbyggjarar.
Me kan tilby fantastiske kontrastar, med bading på somrane, mange moglegheiter for fjellturar, koselig kafè, økologisk frisør, klesbutikk, mange aktivitetar for born og unge, fantastiske skimoglegheiter om vinteren og mange hyggelege mennesker.

Kviteseid ligg 2,5 timers kjøyretur til både Oslo og Kristiansand og ligg midt i Telemark.

Som sjukepleiar får du moglegheit til å utvikle din faglege nysgjerrighet og kompetanse. Vi har stort fokus på fagutvikling og har egen fagutviklingssjukepleiar som arbeider med det. Vi kan tilby kursing og ynskjer at kvar einskild sjukepleiar skal ha moglegheit til å utvikle seg innan emner den er interessert i som igjen kan brukast inn i arbeidet.

Kviteseid omsorgssenter (KOS) er ein sjukeheim med til saman 41 plassar fordelt på tre somatiske avdelingar og ei skjerma avdeling. Den eine somatiske avdelinga har og korttidsplassar og KAD plass.

Vi treng no fleire tilsette i desse stilllingane:
- Tre 100 % faste stillingar som sjukepleiar – ID 1054.

- To 80 % faste stillingar som sjukepleiar – ID 1055.

- Ei 50, 70 % fast stilling som sjukepleiar på natt – ID 1056.

Me ynskjer tilsetjing så snart som mogleg. Stillingane er i to-delt turnus med arbeid kvar 3 helg. Vi tilbyr ein rekrutteringsbonus på kr 75.000,- med bindingstid på 2 år.

Arbeidsoppgåver:
- Direkte pasientretta oppgåver i tråd med gjeldane krav til kvalitet.

- Rettleie, undervise og informere bebuarar, pårørande og kolleger.

- Samarbeid med ulike arbeidsgrupper.

Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.

- Klinisk erfaring.

- God digital kompetanse.

- Må beherske norsk munnleg og skriftleg godt.
(Søkjarar med anna språk enn norsk som morsmål må dokumentere språknivå C1.)

Personlege eigenskapar:
- Vere fleksibel, kreativ, strukturert, målretta og ansvarsbevisst.

- Ha gode kommunikasjons – og samarbeidsevne.

- Vere fagleg engasjert.

- Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert.

- Medverke til eit godt arbeidsmiljø.

- Trivast i eit hektisk miljø.

Vi tilbyr:
- Spanande og varierte oppgåver.

- Fagleg og personleg utvikling.

- Kurs innafor relevante tema.

- Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.

- Løn etter avtale.

- Rekrutteringsbonus på kr 75.000,- (100 % stilling), kr 60.000,- (80 % stilling) som eit eingongsbeløp etter avslutta prøvetid.
Gjeld eksterne søkjarar.

- Me kan vere behjelpeleg med bustad.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Søk på stillinga her:
https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821

Kontakt:
Einingsleiar: Elise R Foldøy
Tlf: (+47) 35 06 82 25
Mobil: (+47) 91 16 21 09

Velkomen som søkjar!

Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

sjukepleiar til Ullensvang herad   Ullensvang, Norway
2020-09-16
Sjukepleiar – Kviteseid omsorgssenter, rekrutteringsbonus – 75 000 kr
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/