Sjukepleiar institusjonstenester

Aurland kommune
    Published
    2024-06-06
    Location
    Aurland, Norway
    Category
    Job Type
    Deltid  

    Description

    Om stillinga

    Me har ledig to faste 100% stillingar som sjukepleiar ved institusjonstenester frå 02.09.24. Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, kortid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Vi har lyse og trivelege lokaler med gode fasilitetar og utstyr. Her har vi eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.

    Institusjonstenester organisert under  kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen.

    Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.

    Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det likevel ikkje for deg, så søk stillinga likevel. Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.

    Rekrutteringstilskot

    Aurland kommune skal stimulere til rekruttering av mellom anna sjukepleiarar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på brutto kr. 50 000,- per år i to år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr. 100 000,- i etterkant av dei to første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad, som til dømes sjukepleiar.

    Aurland Helsetun

    Arbeids- og ansvarsområde

    • varierte arbeidsoppgåver mellom anna som pasientansvarleg sjukepleiar
    • faglege oppgåver som: medikamenthandtering, lindrande behandling, kateter, sårstell og miljøarbeid
    • observasjon og behandling
    • vurdering og kartlegging av behov
    • dokumentering og rapportering i journalsystemet Visma profil
    • registrering av pasientopplysningar i systema IPLOS og ADL
    • rådgjeving og rettleiing av kollegaer, studentar, pasientar og pårørande
    • tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut, lege og samarbeidspartnarar

    I tillegg kan avdelingsleiaren delegere fleire interessante oppgåver.

     

    Me tilbyr

    • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
    • bli del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
    • gode pensjons- og forsikringsordningar
    • løn etter etter tariff
    • ekstra laurdag og søndagstillegg (kr 10 pr. time)
    • funksjonstillegg til praksisrettleiar
    • timeløn 1/3 ved eventuell heimevakt
    • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
    • gratis inngang til symjehallen
    • hjelp til å skaffe bustad
    • hjelp til å skaffe jobb til partnar

    Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.

    Kvalifikasjonar

    • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
    • Du bør ha erfaring frå arbeid med brukargruppa, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
    • Du bør kommunisere og snakke godt norsk

    Me oppfordrar studentar om å søke.

    Ann Kristin Lilleby 01.10.23

    Aurlandsfjorden frå Bjørgaåsen

    Personlege eigenskapar

    Me søkjer deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Me vonar du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert.  Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar,  og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.

    Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.

    Løns- og tilsetjingsvilkår

    • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
    • gode pensjons- og forsikringsordningar
    • tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje
    • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato

    Krav til språk

    Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

    Generell informasjon

    Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

    Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

    Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

     

    Lagunen og Aurland helsetun sett frå det populære utsiktspunktet Stegastein

    Om oss

    Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

    På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurantar, kaféar, bryggeri, og bakeri.

     

    Spørsmål om stillinga

    Ingrid Finden Bekkedal

    Avdelingsleiar institusjonstenester

    95984639

    ingrid.finden.bekkedal@aurland.kommune.no

    Bruk
    Drop files here browse files ...

    Related Jobs

    Sjukepleiar institusjonstenester
    Rull til toppen
    Are you sure you want to delete this file?
    /