Psykolog/ psykologspesialist 100% fast – 2. gongs utlysing

Kvinnherad kommune
    Published
    2024-02-06
    Location
    Kvinnherad, Norway
    Job Type

    Description

    Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i fem avdelingar; Barnevern, PPT, helsestasjon, avdeling for Familiestøtte og Villatoppen avlastningsbustad. Eininga held til på Husnes tenestesenter.

    Omtale av stillingane

    Ved Eining Barn og familie, avdeling for Familiestøtte, er det ledig 100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist. Psykologen skal gjennom psykologfagleg arbeid bidra i utforming og implementering av tiltak på ulike nivå innan psykisk helse for barn og unge. Helsefremjande og førebyggjande arbeid og tidleg innsats er hovudoppgåvene.

    Psykologen skal medverke til å styrke det kommunale arbeidet for å fremje god psykisk helse mellom barn og unge. Det vil vere oppgåver knytt til rettleiing internt i eininga og i forhold til skular og barnehagar. Stillinga er og del av lågterskeltilbod til barn, unge og deira familiar. Psykologen kan og få oppgåver knytt til det overordna planarbeid for kommunen si tenesteutvikling på målområdet psykisk helse/ oppvekst.

    Kvinnherad Kommune har tre stillingar for psykolog, der to av desse er i Eining Barn og familie.

    Stillinga er organisert i familieteamet i avdeling for Familiestøtte, men arbeider og saman med PPT, barnevern, helsestasjon og andre førebyggande tiltak for barn, unge og deira familiar. Det er nært samarbeid mellom dei to psykologstillingane.

    Det er rom for å utforme stillingsinnhaldet i samarbeid med dei som vert tilsett.

    Arbeidsoppgåver

    • Ta del i tiltaksutvikling, og bidra til koordinerte tenester og innsats for barn, unge og familiar.
    • Tverrfagleg samarbeid med skular, barnehagar og andre relevante instansar.
    • Bidra til kompetanseheving gjennom konsultasjon/veiledning, rådgjeving og undervisning til aktuelle grupper av personell og tenester i sektor oppvekst.
    • Utgreiing/behandlingsoppgåver og oppfølging av barn og unge
    • Råd og rettleiing til barn, unge og deira foreldre

    Kvalifikasjonar

    Vi søkjer etter psykolog, men andre med relevant utdanning og erfaring (innan familierettleiing og samtalar med barn og unge) kan og søkje og vil eventuelt få mellombels tilsetting i 1 år.

    Det vil bli lagt særleg vekt på;

    • evne til samarbeid
    • evne til å arbeide sjølvstendig
    • arbeide målretta, systematisk og strukturert
    • at ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom
    • vilje til å tenke alternativt og tverrfagleg
    • gode kommunikasjonsevner, norsk munnleg og skriftleg

    Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.

    Vi tilbyr

    • Eit positivt arbeidsmiljø med høve til faglege utfordringar.
    • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
    • Løn etter avtaleverk.
    • Høve til relevante kurs og spesialisering/vedlikehald.
    • Veiledning
    • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
    • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
    • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
    • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
    • Gode høve til friluftsliv både sommar og vinter
    • Varierte kulturtilbod
    • Gode oppveksttilhøve for barn

    Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

    Kontaktperson for stillingen
    Randi Pedersen
    +47 45288088
    randi.pedersen@kvinnherad.kommune.no

    Søknadsfrist

    03.03.2024

    Ansettelsesform

    Fast
    Om Kvinnherad kommune

    Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

    Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.

    Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

    Bruk
    Drop files here browse files ...

    Related Jobs

    Psykolog/ psykologspesialist 100% fast – 2. gongs utlysing
    Rull til toppen
    Are you sure you want to delete this file?
    /