Ledig fast stilling som sjukepleiar – stillingsstorleik 100 %

Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg
    Published
    2024-02-13
    Location
    Røldal, Norway
    Category
    Job Type
    Deltid  

    Description

    Om arbeidsplassen:
    Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune, om du er glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn er dette kanskje plassen for deg.

    Me treng no ein sjukepleiar til heimetenesta i Røldal. Tenesta inkluderer heimebuande og bebuarar i omsorgsbustader. Tenesta er samla på eit lite område i Røldal, der desse tilboda ligg tett ved kvarandre. Heimetenesta har basen sin i bygget som tidlegare var sjukeheim. 6 av omsorgsbustadene (bukollektivet) ligg i dette bygget, og bebuarane får sine tenester som heimebuande der. Heimesjukepleien i Røldal yt tenester til ca 30 brukarar, ein ynskjer at brukarane skal oppleva respekt, tryggheit og forutsigbarheit i tenesta. Samtidig ynskjer me at brukarane skal ha ei oppleving av sjølvstendigheit og meistring. Heimesjukepleien skal yta lovpålagde tenester til brukarar i alle aldrar, men dei fleste brukarane er eldre med ulike behov.
    Stillinga har i utgongspunktet arbeid kvar 3. helg.

     

    Arbeidsoppgåver:

    • Som sjukepleiar er du med å har eit fagleg ansvar for drift av heimesjukepleien i Røldal, saman med avdelingsleiar. Du vil ha og ha medansvar for fagleg forsvarlegheit, og me ynskjer at du er ein aktiv pådrivar for å sjå på nye metodar og utprøvingar og evaluering av endringar i forhold til faglege tiltak.
    • Ansvar for sjukepleiefagleg observasjon, tiltak, miljøarbeid og oppfølging av brukarar
    • Bidra til å sikre forsvarlige pleie- og omsorgstjenester, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk
    • Ha ansvar for legemiddelhandtering
    • Veilede medarbeidarar og studentar
    • Sørge for at nødvendige prosedyrer og rutiner er utarbeida
    • Tilrettelegge og koordinere tenesta samen med brukarane, og sikra brukarmedverknad
    • Samarbeida tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre instansar.
    • Det er fordel om du har kompetanse på utviklingshemming og brukarstyrt personlig assistanse (BPA). Erfaring med pedagogisk støtte og rettleiing for både beborere og medarbeidare er også ein fordel.

    Ynskte kvalifikasjonar:

    • Autorisasjon som Sjukepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning
    • Gode digitale ferdigheiter
    • Gode kommunikasjons-eigenskapar

    Personlege eigenskapar:

    • Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
    • Gode samarbeidsevner
    • Sjølvstendig og bevisst sitt ansvarsområde

    Me tilbyr:

    • Varierte arbeidsoppgåver
    • Lønn etter hovudtariffavtalen
    • Rekrutteringstillegg og tillegg for sjukepleiar/vernepleiar.

    For sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tariffløn. I tillegg rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette vernepleiarar og sjukepleiarar: Etter 1 års teneste vert det utbetalt kr 30 000.- Etter 2 års teneste vert det på ny utbetalt kr. 30 000.-

    • Me er behjelpelege med å skaffe/ leige husvære. Kommunen dekker kostnader inntil kr 7500 pr/mnd i husleige dei 3 første månadane.
    • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
    • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
    • Vi hjelper med å finne barnehageplass til dine barn
    • Vi hjelper deg med å finne fritidsaktiviteter som passer dine interesser
    • Vi ønsker deg velkommen til et godt og trygt arbeidsmiljø

    Krav:

    • Politiattest
    • Førarkort klasse B
    • Gode norskkunnskaper, både skriftlig og muntlig . Sjukepleiarar som er under norsk opplæring kan verta vurdert
    Bruk
    Drop files here browse files ...

    Related Jobs

    Ledig fast stilling som sjukepleiar – stillingsstorleik 100 %
    Rull til toppen
    Are you sure you want to delete this file?
    /